Er det nokon som har ein ende med 32X25 mm alurøyr eller ca samme dimensjon liggande å slenga? Og alubolt mellom Ø40-50 mm diameter? Treng ikkje meir enn mellom 20 til 50 cm av begge, alt av interesse
Ikkje heilt relatert kanskje men reknar med mange av medlemmane her går og vassar i sånt til daglig, hehe
Har egentlig berre planar om å dreia meg ei girkule av bolten, så den bør vera uten hol i sjøl om eg skal bora eit stykke i den og gjenga den innvendig. så 20 cm med bolt hadde jo vore tilstrekkeligt, då har eg til både to og tre kuler om noko skulle gå skeis. Dreieemner er alltid kjekt å ha på lur! Ellers så har eg jo funne emnebolt på ei nettside på ein halv meter også viss du ikkje vil kappa av.
Tenkte kanskje Henning hadde noko på lur og, han meinar eg har nevnt noko ein gong om at han har tilgang på slikt. Men det var kanskje plate det.